Vestreim Fjellstugu

Rating 4.8 (average of 25 opinions)

Dette er Vestreim Fjellstugu sin offisielle facebookside. Her er du velkommen til å dele dine bilder, tilbakemeldinger, spørsmål, tur tips.

Vestreim Fjellstugu


Vestreim Fjellstugu er ei serveringshytte på Geilo, samt at vi driv med overnatting/utleige.
Vestreim Fjellstugu ligg i Budalen, eit stølsområde ei mil frå Geilo ved Hallingskarvet nasjonalpark.
Vestreim er opprinneleg ein støl med lange tradisjonar. Vestreim tyder ein rem du går over på vestsida av dalen.
Vinterstid er stølen oppe for servering til skituristar. Det er preparerte løyper frå Geilo og Ustaoset, og frå Sudndalen er det stikka løype.

Vi har satt opp utleigehytte på vollen, kalt for Kvitestein. Navnet Kvitestein er henta frå området rundt Vestreim, og er navnet på ein lys stein som står uti ei myr ikkje langt frå stølen.
Hytta tok vi til med i hausten 2011, og no er vi endeleg i mål! Hytta har to soverom, med tre sengeplassar i kvar. Sengene er heimegjorde, og med gode madrassar. Det er også mogleg å nytte sofaen i stugu som sengeplass. Ellers er det meddagsbord med god plass til 6 personar, kjøkenkrok med oppvaskkum, kjøleskåp og komfyr. Pr i dag er det ikkje innlagt vatn, men det er det ynskjeleg å få til på sikt. Straum for lys og matlaging, samt vedfyring.

Heime på garden har me ei gamal hallingstugu, Veslestugu, som me leiger ut på døgn, helg og vekesbasis. Her er det stugu med kjøkenkrok, eit soverom med fire sengar ( køyesengar), bad med toalett og dusj, tv, veg til døra sommar som vinter. 150 meter til prepparert skiløype som har forbindelse til Ustedalsfjorden rundt, lysløyper og det er enkelt å koma seg på skibuss som går til utfartstader rundt Geilo. Lett turterregn og fiskemoglegheiter om sommaren.

    Cafeteria

   48387587

   www.vestreim.no

      Facebook page

      Budalsvegen 320, Geilo, Norway

Leave a comment


Other in the area



"Your favorite venues in one click"